lørdag 30. april 2011

..og kva i all verda er Web 2.0??


Ettersom dette i utgangspunktet er ein skole-blogg, med IKT i fokus, vil eg i dette innlegget prate litt om begrepet Web 2.0 – kva er det og korleis kan ein nytte dette i skulen?

Web 2.0 er videreutviklingen av begrepet Web 1.0. Web 1.0 er det første stadiet av World Wide Web. At flere sider på nett er linka sammen og uendelige “veger” å gå fra side til side. Neste stadium, altså Web 2.0 setter produksjonen i fokus. Man kan på en måte si at Web 1.0 hadde lesing i fokus, mens 2.0 har skrivinga i fokus. På same måte kan ein sei at 1.0 handla om heimesider, mens 2.0 handlar om blogging [1]. Og blogg-skriving er akkurat det eg vil ta for meg her. I tillegg til bruken av sosiale nettverk, wiki-produksjon – ja, deling generelt. I skulen! Svend Andreas Horgen oppsummerer Web 2.0 som “brukestyrt innhold, prosument (en som både produserer og konsumerer), samarbeid mellom individer, dugnad, sosial nettverksbygging,..”[2].
Den oppveksande generasjonen omgir seg meg denne forma for deling kvar dag og over alt. Det blogges og leses, det vert gjort søk på wikipedia og nye wikier vert produsert og har du ikkje facebookprofil er du utanfor! Korleis kan vi nytte denne interessa og kunnskapen i vår undervisning? Det er det store spørsmålet!

Blogg
Alle fag kan nytte seg av blogg, og kanskje enda meir ideelt er tverrfagleg bruk. Her har ein alle mogelegheiter til å velja utforming og design – og ein kan trekke inn kunst&handtverks-faget. Ein kan skriva fagtekster, skjønnlitterære tekster (på fleire språk) og ein kan skriva meir personlege innlegg. Som “eigar” kan eleven velja kven som får komme med kommentarar, og her kan lærar gjerne koma med føringar. På denne måten opprettes eit klasserom på nett. Elevane kan få oppgåver om å kommentera innlegga til kvarandre, og gje konstruktive tilbakemeldingar. Å utforme konstruktive tilbakemeldingar er ofte ein utfordring – ein utfordring elevane har godt av å bryna seg på! Alle elevane blir sett og hørt, alle elevane får respons og læraren kan få eit innblikk i samspelet mellom elevane sine.
Sjølvsagt er seriøsitet ein utfordring. Men eg meiner at dersom elevane tidleg får kjennskap til blogg som ein del av skulearbeidet, klarar dei å skilje mellom skule og privatliv. Uansett vil det vera ein svært god trening for dei!

Wiki
Dei fleste elevane kjenner til Wikipedia, som er det mest kjendte Wiki-nettverket. Her er det snakk om eit “leksikon”, som alle kan vera med å skrive/forandre/utvikle. Som oppslagsverk gjev dette utfordring til brukarane. Kven har skrive teksten, og kan ein stola på at det stemmer? Slike wiki-nettverk kan kven som helst danna. Derfor kan ein klasse saman lage Wiki-er, om til dømes prosjekter, eigne interesser, historiske hendingar og anna fagstoff. Å produsere tekst er vanleg i skulen. Men når den teksten skal publiserast i eit (meir elle mindre) ope nettverk, er kanskje terskelen for kvaliteten på det som vert lagt ut noko høgare. Elevane vil med dette setja større krav til seg sjølv og arbeidet sitt.

Sosiale medier
Kan sosiale medier nyttast i skulen? Eller er dei berre til ulempe for skulearbeidet? Dessverre har dei sosiale mediene fått eit noko negativt rykte. For det første er facebook svært altoppslukande og “avhengighetsskapande”. Dersom ein nyttar pc i undervisninga, tør eg vedde på at elevane er meir opptatt av statusoppdateringar, “tagging” og “poking” enn av faget som det undervisast i.. Med mindre skuleleiinga har sperra for bruk av facebook, noko som blir meir og meir vanleg. Eg meine at ein med enkle grep kan nytte elevanes kunnskap og motivasjon kring facebook-nettverket til noko positivt i skulen og læringa. Ein kan oppretta grupper for klassa, og eigne diskusjonsforum for dei ulike faga. Ein kan setja i gang interessante samtaler om vanskelege fagemner og skapa engasjement. Så spør ein seg om ein i det heile tatt bør vera ven med elevane sine på facebook – Eg meiner nei, men ein kan laga ein eigen lærar-profil. Denne kan då alle faglærarane ha tilgang til, og ein kan ha innsyn i elevanes diskusjonar.

Generelt sett er motivasjon noko mange sliter med i skulearbeidet. Dei unge KAN data! Og det ein kan, det liker ein å halda på med. Derfor bør ein utnytte dette i undervisninga. Ein kan rett og slett snike inn fag og læring gjennom midlar som elevane likar å nytte seg av.  

Så vil det naturlege spørsmålet vera; Kvifor kan ein ikkje berre halda skulearbeidet inne bak sin eigen LMS (slik som Fronter og It’s learning)?

Nokre skulearbeid og viktige beskjedar bør og skal haldas “bak lås og slå”. Det er ikkje alt som bør publiserast slik at kven som helst kan lese og låne. Eg tenker sjølvsagt på lengre, individuelle tekster som lærar skal vurdere/karaktersette osv. Og meir privat informasjon og liknande må sjølvsagt heller ikkje koma på avvege. Men den opne bruken av internett, med produksjonen i fokus, bør ein nytta seg av i det pedagogiske arbeidet. Eg trur elevane set høgare krav til seg sjølv og det dei leverar. I tillegg trur eg denne delinga og dynamikken skapar elevar som klarar å gje respons og konstruktive tilbakemeldingar. Og ikkje minst, like mange elevar som klarar å ta imot, og gjere seg nytte av respons og konstruktive tilbakemeldingar!



[2] Svend Andreas Horgen; Web 2.0 – Nye muligheter i undervisning (utlevert kopi).

-Hanne-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar