onsdag 18. mai 2011

Ei oppdatering er vel på sin plass!

Øhhhh... dette var jo eit langt innlegg om mai og konfirmasjon.. men no er alt sletta?? Eg skjønne ingenting! 

søndag 1. mai 2011

For en helg!!

Min vakre 3års..

...desverre i negativ forstand!
Det heile starta med ein svært skuffande beskjed frå han som har har eine hesten min til trening. Eg har ein 3års fjordhest-hingst som skulle vore med på Hingsteutstilling neste veke. Han vart skada i februar/mars, og vart ståande lenge pga. behandling. Heldigvis vart han friskmeldt, men marginene skulle vekeleg vera på vår side om han skulle rekke å komme i form til utstillinga.. Desverre var ikkje marginene med oss. Jonathan er meldt av årets hingsteutstilling og er allereie komen heim på beite på Sekse. Utrulig trist, og eg vart kjempe-skuffa!


Syndaren nederst!
Fredag morgon skulle eg ned i kjellaren med nokre tomflasker og slikt.. Alfa sprang i forvegen ned trappa, og etter nederste trinn sa det PLASK! Oh My, heile kjellaren er full av vatn!! Eg ringte til Ingve i rein panikk, samtidig som eg sprang opp etter støvler. Kor kom alt vatnet frå?? Første eg tenkte var at det kom frå vaskerommet. Døra inn dit var igjen, og eg tenkte at der var det sikkert så masse vatn at det kom til å strømme ut.. Heldigvis fann eg syndaren ein annan plass. I inntaket til varmtvannstanken, og der spruta det vatn ut..

Ingve forklarte meg kor hovedkrana var, og eg fekk stengt av vatnet. Han kom heim frå jobb, rørlegger vart ringt etter og forsikringsselskapet vart informert. Så stod vi slik i ein god stund;
Omtrent 200liter vatn
vart samla opp..
..og vi var glad det var sol ute!


Varmtvannstanken vart skifta, og rørlegger'n hadde med ein vannstøvsuger som fekk stå å jobbe. Så kom det ein utsendt i frå forsikringsselskapet. Han tok bilde og dokumenterte, samt at han hadde med noke tørkegreier og vifter. Så det suser og går i kjeller'n. Både rørlegger og forsikrings-mannen skulle komme tilbake etter helga. Ser ikkje ut som det er dei verste materielle skadane - heldigvis står det meste av ting stabla i hyller. 


Eg har jobbehelg OG sitter med tonnevis med skulearbeid! Så no er det lørdagskveld, og vi trøstespiser! Ein stor skål med vaniljeis, med rørte jordbær, sjokoladetopping, banan OG oboy' på.. Kaloribombe, og eg har ikkje dårlig samvittighet i det heile tatt! 


Mmmmmm...

Fortsatt god helg!
-Hanne-