torsdag 31. mars 2011

Vårtid, eksamen og alt som høyrer med..

Våren var verkeleg komen til Porsgrunn før helga, i helga og rett etter helga..Herlig  var det! Men! I dag morges når eg opna døra låg det eit kvitt, kaldt og vått lag i hagen min.. alt graset (gjørma..) var gøymd under snø =( Heldigvis er det ganske mildt, så når eg og Alfa gjekk kveldstur i stad var det bare vått-vått-vått.. Regn smelter jo snø det og, så det er heilt greit!









Eg er inne i eksamens-tida allereie. På onsdag har eg eksamen i Tradisjonsmat på Rauland. Eg er eit skippertaks-menneske, og går for intensiv lesing dei siste dagene. Då "burer eg meg inne" på kontoret/gjesterommet, og jobber meg igjennom pensum. For å oppretthalda motivasjonen belønner eg meg med litt godis og snacks :-) Idag vart det heimelaga bær-smoothie og kjeks. Smoothie er sunn godis! Men det blir ikkje til at eg lage det så ofte.. Denne gode her består av frosne blåbær og bringebær, banan og vaniljeyoghurt.. yummi!





Eg har gjort eit fint lite innkjøpt til; ein krakk =) Vi har høge skap på kjøkkenet, den spesial-bygde typen, heilt opp til taket. Det gjer at eg ikkje rekke opp til øverste hylla.. Har lenge ønska meg ein krakk, og no hadde dei det på Europris. Denne skal males, og ein (litt større) grøn plante skal få stå til pynt oppå.

Det mangler ikkje på planer og "visjoner" - men tida vil vise når heile stova (og maling av 1.etg.) er ferdig.. uti mai ein gang kanskje?

Eg har jobbe-helg, samt at eksamenslesing må prioriteres, så det blir nok lite blogging. Men håper eg får lagt inn eit innlegg før eg reiser til Rauland på tirsdag. 

Vi blogges når vi blogges =)

mandag 28. mars 2011

Okay, litt oppdatering.

Når eg oppretta bloggen i februar tenkte eg at "den skal eg vera flink å oppdatere".. haha, det er over ein mnd. sidan. Men, no vert det andre bollar!

Ei lita oppdatering sidan sist; Vi har gjort to (veldig forskjellige) finn.no-kupp - ein skjenk (med matchende hjørneskap med på kjøpet).
 
Den skal pussast opp, og kjem til å bli knall-stilig i vår ny-oppussa (snaart ferdig) stove.







Kupp nr. to er ein firehjuls-vogn til hestene. Den er bygga på eit Volkswagen Boble-understell, og ser ut som ein forvokst "olabil". Har berre fått testa den ein gong, ettersom me var fanga av klink is på stallen. Og no er 3åringen halt.. Det passer utruleg dårlig, ettersom det er berre litt over ein mnd. att til utstillinga han skal på. Vel, nok hesteprat - for spesielt interesserte har eg eigen hesteblogg her: Hanne sin hesteblogg.


Apropo oppussing - det kjem ein lengre blogg om korleis stova mi såg ut før, og korleis den ser ut no - snart ferdig.. Men eg vil gje deko ein liten sneak peek:
Eit hjørne med tapet (dog uten lister endå)..

..og bokstaver tapetsert med restene =) 











                                

For dei interiør-interesserte; stay tuned! 





Søndagskvelden er komen, og i helga har me hatt utruleg hyggeleg besøk. Mi kjære mor og søster kom køyrande over fjellet på torsdag, og mi kjære tante og min yngste fetter Kasper kom flygande frå Bergen same dag. Me har Kosa oss, med stor K! Fredag var eg på jobb, og kom heim til gullande reint hus. Damene hadde støvsugd alle kriker og kroker, plasser eg ikkje ein gang vurderer å støvsuge. Elsk! Når eg kom heim sat damene å trippa; det klødde i shopping-musklene - og avgarde var vi! Porsgrunn Porselen sitt fabrikkutsal var første stopp. Mykje fint her! Og mykje salg! Fekk med meg eit fint telys-sett, gåve fra tante. Videre gjekk ferda til Herkules. Her var me innom alt av interiør-butikker, mitt besøk hadde som mål å kjøpe dill og dall til stova mi. Og eg seie ikkje neitakk =) Det skal seiast at eg har "spart" bursdagsgåve-til-meg-kjøping til dette planlagte familiebesøket, så det var ikkje heilt ut av det blå at det dryppa litt ekstra på meg =) Fredagen var avslutta med nydelig mat og familiekos. 

Lørdag var det tidleg opp for min del, med helgefôring. Etter frukost var det igjen avgarde på shopping. Me gjekk heimefrå og bort til Porsgrunn sentrum. På veg ned storgata fekk me drukket kaffi (og spist nydelig vaffel, ein dag for seint, ifht. Vaffeldagen) i sola og kikka litt i butikker. Down Town tjente nokre kroner på oss, både interiør- og nokre klesbutikker fekk besøk av oss =) Gutta (Ingve og Kasper) tilbragte dagen heime, med tv-spill og r'lææx'n! Når me jentene følte oss ferdige, kom gutta ned og me reiste på Wok'en for å ete. Wok'en er ein suksess, alltid! Sjølvsagt vart lysene slukka under Earth Hour, men tv'n og fotballkampen beholdt me på. Stormande jubel i stova når Norge utlikna - og ikkje feil at det var "vår eigen" Huseklepp! (dog ingen Brann-speler lenger men..) 

 Søndag var heimreisedag. Eg var tidleg på'an, med morgenfôring. Lur som eg var, stilte eg mobilen (og dermed og vekkerklokka) når eg la meg i tolvtida. Det som skjedde i løpet av natta veit eg lite om, tydeligvis stilte mobilen seg sjølv i tillegg. Så klokka var FEM (gamalt tid) når eg entra badet - eg snudde, og fant dyna igjen. Ein time seinare var kl. 7, "ny tid", og eg prøvde på nytt. Digger å fôre frokost (når dyna først har slept taket) - 13 morgentrøtte, sultne og takknemlige hester og sola på veg opp over Valleråsen. Snille, lille Kasper vart med for å fôre lunsj, og vi tok oss tid til litt Santor-kos:

Bilen vart pakka, og det koselige familiebesøket takket for seg. Vi takka mykje tilbake, og tenker at dei må komme att om ikkje så lenge. Eg har så god familie - kjempe-glad i Dykk, tusen takk for ein flott helg!


-No er eg snart klar for ny veke, som innehelg mykje! Oppgåveskriving, eksamenslesing, jobbing, hest og aller først - Vetrinærtime til vetlehesten i morgon kl. halv 9. Kryss det som krysses kan, Kløvstads Jonathan vil så gjerne avgårde til hingsteutstillinga!

God veke gode vener!