onsdag 18. mai 2011

Ei oppdatering er vel på sin plass!

Øhhhh... dette var jo eit langt innlegg om mai og konfirmasjon.. men no er alt sletta?? Eg skjønne ingenting! 

søndag 1. mai 2011

For en helg!!

Min vakre 3års..

...desverre i negativ forstand!
Det heile starta med ein svært skuffande beskjed frå han som har har eine hesten min til trening. Eg har ein 3års fjordhest-hingst som skulle vore med på Hingsteutstilling neste veke. Han vart skada i februar/mars, og vart ståande lenge pga. behandling. Heldigvis vart han friskmeldt, men marginene skulle vekeleg vera på vår side om han skulle rekke å komme i form til utstillinga.. Desverre var ikkje marginene med oss. Jonathan er meldt av årets hingsteutstilling og er allereie komen heim på beite på Sekse. Utrulig trist, og eg vart kjempe-skuffa!


Syndaren nederst!
Fredag morgon skulle eg ned i kjellaren med nokre tomflasker og slikt.. Alfa sprang i forvegen ned trappa, og etter nederste trinn sa det PLASK! Oh My, heile kjellaren er full av vatn!! Eg ringte til Ingve i rein panikk, samtidig som eg sprang opp etter støvler. Kor kom alt vatnet frå?? Første eg tenkte var at det kom frå vaskerommet. Døra inn dit var igjen, og eg tenkte at der var det sikkert så masse vatn at det kom til å strømme ut.. Heldigvis fann eg syndaren ein annan plass. I inntaket til varmtvannstanken, og der spruta det vatn ut..

Ingve forklarte meg kor hovedkrana var, og eg fekk stengt av vatnet. Han kom heim frå jobb, rørlegger vart ringt etter og forsikringsselskapet vart informert. Så stod vi slik i ein god stund;
Omtrent 200liter vatn
vart samla opp..
..og vi var glad det var sol ute!


Varmtvannstanken vart skifta, og rørlegger'n hadde med ein vannstøvsuger som fekk stå å jobbe. Så kom det ein utsendt i frå forsikringsselskapet. Han tok bilde og dokumenterte, samt at han hadde med noke tørkegreier og vifter. Så det suser og går i kjeller'n. Både rørlegger og forsikrings-mannen skulle komme tilbake etter helga. Ser ikkje ut som det er dei verste materielle skadane - heldigvis står det meste av ting stabla i hyller. 


Eg har jobbehelg OG sitter med tonnevis med skulearbeid! Så no er det lørdagskveld, og vi trøstespiser! Ein stor skål med vaniljeis, med rørte jordbær, sjokoladetopping, banan OG oboy' på.. Kaloribombe, og eg har ikkje dårlig samvittighet i det heile tatt! 


Mmmmmm...

Fortsatt god helg!
-Hanne-




lørdag 30. april 2011

..og kva i all verda er Web 2.0??


Ettersom dette i utgangspunktet er ein skole-blogg, med IKT i fokus, vil eg i dette innlegget prate litt om begrepet Web 2.0 – kva er det og korleis kan ein nytte dette i skulen?

Web 2.0 er videreutviklingen av begrepet Web 1.0. Web 1.0 er det første stadiet av World Wide Web. At flere sider på nett er linka sammen og uendelige “veger” å gå fra side til side. Neste stadium, altså Web 2.0 setter produksjonen i fokus. Man kan på en måte si at Web 1.0 hadde lesing i fokus, mens 2.0 har skrivinga i fokus. På same måte kan ein sei at 1.0 handla om heimesider, mens 2.0 handlar om blogging [1]. Og blogg-skriving er akkurat det eg vil ta for meg her. I tillegg til bruken av sosiale nettverk, wiki-produksjon – ja, deling generelt. I skulen! Svend Andreas Horgen oppsummerer Web 2.0 som “brukestyrt innhold, prosument (en som både produserer og konsumerer), samarbeid mellom individer, dugnad, sosial nettverksbygging,..”[2].
Den oppveksande generasjonen omgir seg meg denne forma for deling kvar dag og over alt. Det blogges og leses, det vert gjort søk på wikipedia og nye wikier vert produsert og har du ikkje facebookprofil er du utanfor! Korleis kan vi nytte denne interessa og kunnskapen i vår undervisning? Det er det store spørsmålet!

Blogg
Alle fag kan nytte seg av blogg, og kanskje enda meir ideelt er tverrfagleg bruk. Her har ein alle mogelegheiter til å velja utforming og design – og ein kan trekke inn kunst&handtverks-faget. Ein kan skriva fagtekster, skjønnlitterære tekster (på fleire språk) og ein kan skriva meir personlege innlegg. Som “eigar” kan eleven velja kven som får komme med kommentarar, og her kan lærar gjerne koma med føringar. På denne måten opprettes eit klasserom på nett. Elevane kan få oppgåver om å kommentera innlegga til kvarandre, og gje konstruktive tilbakemeldingar. Å utforme konstruktive tilbakemeldingar er ofte ein utfordring – ein utfordring elevane har godt av å bryna seg på! Alle elevane blir sett og hørt, alle elevane får respons og læraren kan få eit innblikk i samspelet mellom elevane sine.
Sjølvsagt er seriøsitet ein utfordring. Men eg meiner at dersom elevane tidleg får kjennskap til blogg som ein del av skulearbeidet, klarar dei å skilje mellom skule og privatliv. Uansett vil det vera ein svært god trening for dei!

Wiki
Dei fleste elevane kjenner til Wikipedia, som er det mest kjendte Wiki-nettverket. Her er det snakk om eit “leksikon”, som alle kan vera med å skrive/forandre/utvikle. Som oppslagsverk gjev dette utfordring til brukarane. Kven har skrive teksten, og kan ein stola på at det stemmer? Slike wiki-nettverk kan kven som helst danna. Derfor kan ein klasse saman lage Wiki-er, om til dømes prosjekter, eigne interesser, historiske hendingar og anna fagstoff. Å produsere tekst er vanleg i skulen. Men når den teksten skal publiserast i eit (meir elle mindre) ope nettverk, er kanskje terskelen for kvaliteten på det som vert lagt ut noko høgare. Elevane vil med dette setja større krav til seg sjølv og arbeidet sitt.

Sosiale medier
Kan sosiale medier nyttast i skulen? Eller er dei berre til ulempe for skulearbeidet? Dessverre har dei sosiale mediene fått eit noko negativt rykte. For det første er facebook svært altoppslukande og “avhengighetsskapande”. Dersom ein nyttar pc i undervisninga, tør eg vedde på at elevane er meir opptatt av statusoppdateringar, “tagging” og “poking” enn av faget som det undervisast i.. Med mindre skuleleiinga har sperra for bruk av facebook, noko som blir meir og meir vanleg. Eg meine at ein med enkle grep kan nytte elevanes kunnskap og motivasjon kring facebook-nettverket til noko positivt i skulen og læringa. Ein kan oppretta grupper for klassa, og eigne diskusjonsforum for dei ulike faga. Ein kan setja i gang interessante samtaler om vanskelege fagemner og skapa engasjement. Så spør ein seg om ein i det heile tatt bør vera ven med elevane sine på facebook – Eg meiner nei, men ein kan laga ein eigen lærar-profil. Denne kan då alle faglærarane ha tilgang til, og ein kan ha innsyn i elevanes diskusjonar.

Generelt sett er motivasjon noko mange sliter med i skulearbeidet. Dei unge KAN data! Og det ein kan, det liker ein å halda på med. Derfor bør ein utnytte dette i undervisninga. Ein kan rett og slett snike inn fag og læring gjennom midlar som elevane likar å nytte seg av.  

Så vil det naturlege spørsmålet vera; Kvifor kan ein ikkje berre halda skulearbeidet inne bak sin eigen LMS (slik som Fronter og It’s learning)?

Nokre skulearbeid og viktige beskjedar bør og skal haldas “bak lås og slå”. Det er ikkje alt som bør publiserast slik at kven som helst kan lese og låne. Eg tenker sjølvsagt på lengre, individuelle tekster som lærar skal vurdere/karaktersette osv. Og meir privat informasjon og liknande må sjølvsagt heller ikkje koma på avvege. Men den opne bruken av internett, med produksjonen i fokus, bør ein nytta seg av i det pedagogiske arbeidet. Eg trur elevane set høgare krav til seg sjølv og det dei leverar. I tillegg trur eg denne delinga og dynamikken skapar elevar som klarar å gje respons og konstruktive tilbakemeldingar. Og ikkje minst, like mange elevar som klarar å ta imot, og gjere seg nytte av respons og konstruktive tilbakemeldingar!



[2] Svend Andreas Horgen; Web 2.0 – Nye muligheter i undervisning (utlevert kopi).

-Hanne-

fredag 22. april 2011

Hjertepynt

jaja, litt mørkt..
Inspirert av inspirerande Rebekka, som har denne bloggen; Mer enn bare ord, laga eg idag eit bjørkehjerte til min snille mamma. Mamma kjem heim i morgon, etter ein liten påsketur til husprosjekt i Kroatia (ELSK!), og då er det kjekt å overraske ho litt :-)

Ho hadde bestilit bjørkekvister, som ho pynter med kvart år. Dei står i eit lite mjølkespann, og vert dekorert med pynte-egg. Slik vart det sjåande ut:







 
Bjørkekvister var det nok av, så eg ville prøve meg på eit bjørkehjerte..
Eg starta med ein god bunt, og surra ståltråd rundt. Eg skulle gjerne hatt vikletråd, sånn litt tynnere ståltråd. Men man tager det man haver =)







Bunten vart delt i to, og delene vart bøyd til kvar si sida. Igjen surra eg med ståltråd.







Så var det berre å pynte litt på hjertet, både med litt fleire kvister, og med ein god del meir ståltråd =) For å gjere litt meir ut av det ville eg ha eit Velkommen-skilt på hjertet. Og igjen tager man det man haver - og skriver på ein liten plankebit med tusj =) Ganske fornøgd egentlig - fin og vårlig dør-pynt! - Og med ein liten desj av påskepynt, for anledningen!

Nyyyyt påskehelga!
Klem!

Avslapping i vakre Hardanger!




Eg er vel heime, eg har påskeferie og eg nyyyter det! Her ser du meg og Alfa som ligg å koser oss mens me høyre på Påskelabyrinten - Ahh, som eg kjenne energinivået i kroppen stiger. Verkeleg ein god opplading!
Til no har påskevèret vore nydelig! På sånne dagar er det ingen annan plass i heile verda eg heller vil vera - SJÅ kor fint me har det!! 
I sauefjøsen kjem det stadig nye verdensborgarar til, dei er jo berre herlige! Har fått med meg ein lamming til no, men rekner med det blir fleire..
Vi har fått noken av familien i hus ikveld, og resten kjem sigande i morgon. Påskeferie i Hardanger er ein fin familietradisjon!!












Kjem straks ein blogg om lur, fin, enkel påskepynt!

fredag 15. april 2011

Påskeferie!

Då er me faktisk komen til påskeferien allereie! Tenk som tida flyr. Og med den seine påska som er i år, er det jo skikkelig våååår! Berre sjå her ka som har dukka opp i hagen min..

Desse bildene er tatt med vårt speglrefleks-kamera Canon Eos 1000D. Eg er ikkje nokon fotoekspert, og skulle ønske eg kunne nytta "spesial-innstillingene" på kameraet betre. Det ender desverre ofte med at eg vrir meg frem til auto-innstillingene..
Påsken min skal tilbringes heime i vakre Hardanger. Eg tar meg meg hester og hund og Ingve (tihi..) å køyrer over Haukeli på søndag ettermiddag (om vèret er ok).Eg har ein del skulearbeid som skal gjerast, men en del hest, venner, avslapping og kos skal det også bli plass til..
"Never run faster then your guardian
angel can fly"
"I like hugs.. I like kisses..
but what I love is help
with the dishes"
Mange her i Grenlandsområdet skal oppover til Rauland i påska. Tenkte eg skulle komme med eit tips. Når vi var på Rauland under mars-samlinga var vi innom den koselige butikken i krysset. Den heiter Heimil, og er verkelig verdt eit besøk. Eg la att nokre kroner, men klarte å begrense meg heldigvis.. To vakre skilt vart med meg heim. Eine skiltet har fått plass på kjøkkenet (skal opp på veggen etterkvart), og det andre skal få hedersplass i stua - eg syns det var ein nydelig huskeregel!


Så folkens, slapp av og senk tempoet i påska!!
Klem!

lørdag 9. april 2011

Go' helg!

Eksamen i Tradisjonsmat er vel overstått, så får me gå i spenning i 3 veker for å få dommen. Føler eg kom meg ok igjennom det, nevnte både Tolksdorfs modell i Karen Lassen, Sten Anderson, Klausens kulturmodell og andre viktige ting.. Men ein vert alltid litt bekymra for at ein har bomma litt på spørsmåla.. Det var onsdagen på Rauland, og den vart avslutta med nydelig lammegryte heime hjå vår kjære Bodil Nordjore. Torsdagen var me på bedrift-besøk hjå ei som driv med ysting i Øyfjell. Knall-god geitost og prim! Meir info her: Lega. Så reiste me vidare til Vesaas.. rett og slett garden der sjølvaste Tarjei Vesaas vart fødd og vaks opp.. Her kjem den kjende Vesaas-kurven (pølse) frå. Den har vi smakt tidlegare på kurset - gørr-gøtt! Fredagen, idag, fekk me besøk av ein kokk som heite Halvor Hedenstad. Han er opprinneleg frå Lunde her i Telemark, men bur no i Stavanger. Han er dyktig på mykje, men sjømat stod i fokus idag. Og FOR ein inspirasjon!! Han laga og presenterte mange ulike retter, og mange nydelige smaker! Det som skal testast ut først her i heimen er Urtebakt torsk med perlespelt og Havrestekt seifilet med bønnegryte. Så heng med, kanskje blir desse spanande oppskriftene presentert her.


Det er fredag kveld, vi har nett komt heim frå frisøren vår.. Ingve har ein kompis som er sambuar med ei flink frisørdame, så då kan me slå samen eit frisørbesøk med hyggelig fredags-selskap. Og no er det natta, før me skal tidlig opp, levere lille Alfa hos snille Rutha for så å sette oss på toget mot Oslo. Vi skal nemleg på konsert i spektrum med Kaizers!!! Der blir knallbra! Vi er begge kjempe-fan av Kaizers, og det har vi vore sidan dei slo igjennom. Litt familiekos blir det og tid til i Oslo, min kjære pappa og gjengen hans bur i (like utanfor) storbyen. God natt og god helg!

torsdag 31. mars 2011

Vårtid, eksamen og alt som høyrer med..

Våren var verkeleg komen til Porsgrunn før helga, i helga og rett etter helga..Herlig  var det! Men! I dag morges når eg opna døra låg det eit kvitt, kaldt og vått lag i hagen min.. alt graset (gjørma..) var gøymd under snø =( Heldigvis er det ganske mildt, så når eg og Alfa gjekk kveldstur i stad var det bare vått-vått-vått.. Regn smelter jo snø det og, så det er heilt greit!









Eg er inne i eksamens-tida allereie. På onsdag har eg eksamen i Tradisjonsmat på Rauland. Eg er eit skippertaks-menneske, og går for intensiv lesing dei siste dagene. Då "burer eg meg inne" på kontoret/gjesterommet, og jobber meg igjennom pensum. For å oppretthalda motivasjonen belønner eg meg med litt godis og snacks :-) Idag vart det heimelaga bær-smoothie og kjeks. Smoothie er sunn godis! Men det blir ikkje til at eg lage det så ofte.. Denne gode her består av frosne blåbær og bringebær, banan og vaniljeyoghurt.. yummi!





Eg har gjort eit fint lite innkjøpt til; ein krakk =) Vi har høge skap på kjøkkenet, den spesial-bygde typen, heilt opp til taket. Det gjer at eg ikkje rekke opp til øverste hylla.. Har lenge ønska meg ein krakk, og no hadde dei det på Europris. Denne skal males, og ein (litt større) grøn plante skal få stå til pynt oppå.

Det mangler ikkje på planer og "visjoner" - men tida vil vise når heile stova (og maling av 1.etg.) er ferdig.. uti mai ein gang kanskje?

Eg har jobbe-helg, samt at eksamenslesing må prioriteres, så det blir nok lite blogging. Men håper eg får lagt inn eit innlegg før eg reiser til Rauland på tirsdag. 

Vi blogges når vi blogges =)

mandag 28. mars 2011

Okay, litt oppdatering.

Når eg oppretta bloggen i februar tenkte eg at "den skal eg vera flink å oppdatere".. haha, det er over ein mnd. sidan. Men, no vert det andre bollar!

Ei lita oppdatering sidan sist; Vi har gjort to (veldig forskjellige) finn.no-kupp - ein skjenk (med matchende hjørneskap med på kjøpet).
 
Den skal pussast opp, og kjem til å bli knall-stilig i vår ny-oppussa (snaart ferdig) stove.







Kupp nr. to er ein firehjuls-vogn til hestene. Den er bygga på eit Volkswagen Boble-understell, og ser ut som ein forvokst "olabil". Har berre fått testa den ein gong, ettersom me var fanga av klink is på stallen. Og no er 3åringen halt.. Det passer utruleg dårlig, ettersom det er berre litt over ein mnd. att til utstillinga han skal på. Vel, nok hesteprat - for spesielt interesserte har eg eigen hesteblogg her: Hanne sin hesteblogg.


Apropo oppussing - det kjem ein lengre blogg om korleis stova mi såg ut før, og korleis den ser ut no - snart ferdig.. Men eg vil gje deko ein liten sneak peek:
Eit hjørne med tapet (dog uten lister endå)..

..og bokstaver tapetsert med restene =) 











                                

For dei interiør-interesserte; stay tuned! 





Søndagskvelden er komen, og i helga har me hatt utruleg hyggeleg besøk. Mi kjære mor og søster kom køyrande over fjellet på torsdag, og mi kjære tante og min yngste fetter Kasper kom flygande frå Bergen same dag. Me har Kosa oss, med stor K! Fredag var eg på jobb, og kom heim til gullande reint hus. Damene hadde støvsugd alle kriker og kroker, plasser eg ikkje ein gang vurderer å støvsuge. Elsk! Når eg kom heim sat damene å trippa; det klødde i shopping-musklene - og avgarde var vi! Porsgrunn Porselen sitt fabrikkutsal var første stopp. Mykje fint her! Og mykje salg! Fekk med meg eit fint telys-sett, gåve fra tante. Videre gjekk ferda til Herkules. Her var me innom alt av interiør-butikker, mitt besøk hadde som mål å kjøpe dill og dall til stova mi. Og eg seie ikkje neitakk =) Det skal seiast at eg har "spart" bursdagsgåve-til-meg-kjøping til dette planlagte familiebesøket, så det var ikkje heilt ut av det blå at det dryppa litt ekstra på meg =) Fredagen var avslutta med nydelig mat og familiekos. 

Lørdag var det tidleg opp for min del, med helgefôring. Etter frukost var det igjen avgarde på shopping. Me gjekk heimefrå og bort til Porsgrunn sentrum. På veg ned storgata fekk me drukket kaffi (og spist nydelig vaffel, ein dag for seint, ifht. Vaffeldagen) i sola og kikka litt i butikker. Down Town tjente nokre kroner på oss, både interiør- og nokre klesbutikker fekk besøk av oss =) Gutta (Ingve og Kasper) tilbragte dagen heime, med tv-spill og r'lææx'n! Når me jentene følte oss ferdige, kom gutta ned og me reiste på Wok'en for å ete. Wok'en er ein suksess, alltid! Sjølvsagt vart lysene slukka under Earth Hour, men tv'n og fotballkampen beholdt me på. Stormande jubel i stova når Norge utlikna - og ikkje feil at det var "vår eigen" Huseklepp! (dog ingen Brann-speler lenger men..) 

 Søndag var heimreisedag. Eg var tidleg på'an, med morgenfôring. Lur som eg var, stilte eg mobilen (og dermed og vekkerklokka) når eg la meg i tolvtida. Det som skjedde i løpet av natta veit eg lite om, tydeligvis stilte mobilen seg sjølv i tillegg. Så klokka var FEM (gamalt tid) når eg entra badet - eg snudde, og fant dyna igjen. Ein time seinare var kl. 7, "ny tid", og eg prøvde på nytt. Digger å fôre frokost (når dyna først har slept taket) - 13 morgentrøtte, sultne og takknemlige hester og sola på veg opp over Valleråsen. Snille, lille Kasper vart med for å fôre lunsj, og vi tok oss tid til litt Santor-kos:

Bilen vart pakka, og det koselige familiebesøket takket for seg. Vi takka mykje tilbake, og tenker at dei må komme att om ikkje så lenge. Eg har så god familie - kjempe-glad i Dykk, tusen takk for ein flott helg!


-No er eg snart klar for ny veke, som innehelg mykje! Oppgåveskriving, eksamenslesing, jobbing, hest og aller først - Vetrinærtime til vetlehesten i morgon kl. halv 9. Kryss det som krysses kan, Kløvstads Jonathan vil så gjerne avgårde til hingsteutstillinga!

God veke gode vener!

torsdag 10. februar 2011

Då sveiver me i gang..

Meg =)



Min vakre heimstad!
Blogging jah.. Når skuleoppgåva lyder "Lag ein blogg", ja då lagar Hanne ein blogg. Eg er ikkje vanskeleg sånn =) Litt om kven Hanne er, det er vel på sin plass. Eg er ei 25år (gosh tida flyg!) gamal jente som er fødd og oppvaksen på det fagre Vestlandet. Ullensvang i Hardanger er min heimstad, der eg har vokst opp på ein flott fruktgard. Eg er ei ekte hestejente, som også har stor plass i hjerte til andre dyr. Hesteinteressa førte meg til Hestelinje på Vidergåande, til 2 år på Folkehøgskule med hest og til eitt år som lærling i hestfaget. Det vil med andre ord sei at eg har tittelen Hestefaglært. Etter det begynte eg på Lærarutdanninga i Porsgrunn. Her i byen havna eg ganske tilfeldig, ettersom Ingve - min kjære sambuar - hadde praksis eitt år i Grenland, i si utdanning. Eg "hang på slep", men er ganske nøgd med kor me er havna. Eg er godt i gang med siste året på sjølve lærarutdanninga, men det kan tenkast at eg ikkje forlet studenttilværelsen heilt endå. Tida vil vise.. Meir om mine firbeina vener, studiene og ei vestlandsjente sitt studentliv i Porsgrunn kjem, så stay tuned =)

OG idag har den snille, gode, flinke, kjekke helten min Ingve bursdag! For ein dag å starta blogg-livet på! Me har kooosa oss med god mat og drikke, samt alt for søt dessert. Og Ingve fekk matboks frå Tupperware og Ullundertøy i gåve frå meg. I morgon startar helga - det blir kickstart med henting av eit Finn.no-kupp. Oppdateringer kjem. Planane ellers for helga er ei aning skulearbeid, ein stor dose avslapning og mest sansynleg ein endå større dose med hest.. "Men NÅ erre natta!"