lørdag 9. april 2011

Go' helg!

Eksamen i Tradisjonsmat er vel overstått, så får me gå i spenning i 3 veker for å få dommen. Føler eg kom meg ok igjennom det, nevnte både Tolksdorfs modell i Karen Lassen, Sten Anderson, Klausens kulturmodell og andre viktige ting.. Men ein vert alltid litt bekymra for at ein har bomma litt på spørsmåla.. Det var onsdagen på Rauland, og den vart avslutta med nydelig lammegryte heime hjå vår kjære Bodil Nordjore. Torsdagen var me på bedrift-besøk hjå ei som driv med ysting i Øyfjell. Knall-god geitost og prim! Meir info her: Lega. Så reiste me vidare til Vesaas.. rett og slett garden der sjølvaste Tarjei Vesaas vart fødd og vaks opp.. Her kjem den kjende Vesaas-kurven (pølse) frå. Den har vi smakt tidlegare på kurset - gørr-gøtt! Fredagen, idag, fekk me besøk av ein kokk som heite Halvor Hedenstad. Han er opprinneleg frå Lunde her i Telemark, men bur no i Stavanger. Han er dyktig på mykje, men sjømat stod i fokus idag. Og FOR ein inspirasjon!! Han laga og presenterte mange ulike retter, og mange nydelige smaker! Det som skal testast ut først her i heimen er Urtebakt torsk med perlespelt og Havrestekt seifilet med bønnegryte. Så heng med, kanskje blir desse spanande oppskriftene presentert her.


Det er fredag kveld, vi har nett komt heim frå frisøren vår.. Ingve har ein kompis som er sambuar med ei flink frisørdame, så då kan me slå samen eit frisørbesøk med hyggelig fredags-selskap. Og no er det natta, før me skal tidlig opp, levere lille Alfa hos snille Rutha for så å sette oss på toget mot Oslo. Vi skal nemleg på konsert i spektrum med Kaizers!!! Der blir knallbra! Vi er begge kjempe-fan av Kaizers, og det har vi vore sidan dei slo igjennom. Litt familiekos blir det og tid til i Oslo, min kjære pappa og gjengen hans bur i (like utanfor) storbyen. God natt og god helg!

1 kommentar:

  1. Flott blogg du har laget, Hanne :) Hanne på landet passet perfekt!

    SvarSlett