fredag 22. april 2011

Hjertepynt

jaja, litt mørkt..
Inspirert av inspirerande Rebekka, som har denne bloggen; Mer enn bare ord, laga eg idag eit bjørkehjerte til min snille mamma. Mamma kjem heim i morgon, etter ein liten påsketur til husprosjekt i Kroatia (ELSK!), og då er det kjekt å overraske ho litt :-)

Ho hadde bestilit bjørkekvister, som ho pynter med kvart år. Dei står i eit lite mjølkespann, og vert dekorert med pynte-egg. Slik vart det sjåande ut:







 
Bjørkekvister var det nok av, så eg ville prøve meg på eit bjørkehjerte..
Eg starta med ein god bunt, og surra ståltråd rundt. Eg skulle gjerne hatt vikletråd, sånn litt tynnere ståltråd. Men man tager det man haver =)







Bunten vart delt i to, og delene vart bøyd til kvar si sida. Igjen surra eg med ståltråd.







Så var det berre å pynte litt på hjertet, både med litt fleire kvister, og med ein god del meir ståltråd =) For å gjere litt meir ut av det ville eg ha eit Velkommen-skilt på hjertet. Og igjen tager man det man haver - og skriver på ein liten plankebit med tusj =) Ganske fornøgd egentlig - fin og vårlig dør-pynt! - Og med ein liten desj av påskepynt, for anledningen!

Nyyyyt påskehelga!
Klem!

1 kommentar:

  1. Sååå fint hjerte Hanne!
    Snille, snille mammaen din - tenker ho ble glad!
    Og eg blir glad når du e god med venninno mi, hi-hi!

    God påskeklem fra Os til Hardanger!

    SvarSlett